Artist Statement

(Scroll down for english version)

DET FØRSTE SKRIVNE ORDET VAR EI TEIKNING AV EIT DYR

Er ikkje ord berre mangel på andre måtar å kommunisere på?

Eg visste at punktum ikkje fantes, og at alle orda mellom dei svarte prikkane var av same materie

Eg hadde repetert for deg oppatt og oppatt at teikning er mitt hovudspråk, og at teikneprosessen min handlar i stor grad om å tenkje høgt gjennom teikning, òg å konstruere hybridar mellom feller og kart, kor målet er å gå seg vill med vilje i teoriar og ting som oppstår undervegs. Somme fragment av tanken blir omset til ord direkte på teikningane eller i notatbøker. Men, ikkje alt i teikninga kan omsetjast til ord fordi det eksisterer i ein logikk som ikkje er avgrensa av gramatikken sine reglar.

Så seier du at eg er poetisk. Eg får lyst til å spy på deg i håp om at noko anna enn ord skal kunne forklare det betre, men istaden seier eg ingenting. Fordi kanskje alt blir misforstått uansett. Fordi eg meiner det bokstaveleg, og når eg meiner noko bokstaveleg så betyr det at eg har sagt det, eller skrevet det fordi eg vil bli forstått og ikkje fordi det skal høyrast så forbanna vakkert ut

Det første skrivne ordet var ei teikning av eit dyr. Når ein ved å skrive eller snakke, omset tanken til ord, til bokstavar, til kronologisk gramatikk, blir nesten alt borte. Fordi ord forenklar tankane og framstiller dei i eit reduksjonistisk perspektiv. Med mindre ord kan eksistere i tanken slik dei finst på mange sider i ulike bøker på same tid. Men det veit berre du, for du har ord og lyd inni tankane dine. Og eg spør deg om korleis det er å tenkje i ord, om orda somme gonge kjem i haugar som må sorterast, og andre gonge kjem etter kvarandre som frå ein indre radio kor ting blir borte om du ikkje klarar fange dei fort nok, og om det ikkje blir veldig bråkete å tenkje med ord når det i tillegg kjem lyd inn gjennom øyrene

Men når eg sa at ord handlar meir om å gjere ting forståeleg heller enn å faktisk forstå, og at andre dyr, som har eit mer velutvikla sanseapparat, har ei meir direkte forståing av det heile, medan mennesket må bruke fantasien for å konstruere sanningar ved hjelp av vitenskapsretoriske argumentasjonsprinsipp, fordi de ikkje klarar sjå at det eksisterer mange logikkar på ei gong, så tok du det personleg. Eg trur eigentleg ikkje du ville høyre meir, men eg sa vidare at det einaste punktet i språket kor sanning kan oppstå, er dei punkta kor kontradiksjonar kan eksistere samstundes. Fordi basert på det faktum at den menneskelege logikk og rasjonalitet endrar seg gjennom tidene, kan ein sei at ingen av desse eksisterer utanfor kroppen, og kan berre sjåast som projeksjonar på ei verd av ikkje-kontrollerbare kompleksitetar. Verda er ikkje enkel nok til at det menneskelege intellekt kan forstå den. Den er heller ikkje basert på menneskeleg logikk, og alle andre dyr har ei anna logikk. Så sa du at eg må slutte å tru at eg er så jævleg smart. Og då eg svara at det er det som har vore problemet heile tida, at de menneske trur de er så jævleg mykje smartare enn alle andre dyr, berre fordi de tenkjer i ord. Så mykje smartare at berre ting som kan konkluderast innanfor grensene av språket kan seiast å vera eksisterande, og alle andre logikkar ikkje finnst fordi dei ikkje kan forklarast i ord. Og så blei du sint og gjekk frå meg

Alle orda fall ned på golvet mellom støvet som tida hadde lagt frå seg, og dei la ikkje att spor

fordi dei har inga materie

Teikning er mitt hovudspråk. Dette er berre eit frustrert forsøk på å ikkje bli totalt misforstått. Hadde det gått an å omsetje tankar direkte til ord, eller sei alt med ord, hadde det å teikne ikkje hatt noko hensikt. Og kanskje er denne frustrasjonen over manglande i ord som språk, den viktigaste drivkrafta bak mitt kunstneriske virke. Fordi eg har eit ytringsbehov

———————————————————

THE FIRST WRITTEN WORD WAS A DRAWING OF AN ANIMAL

The human logic and rationality are changing throughout history, which indicates that none of those exist outside of the human body, and can only be seen as projections on a world of uncontrollable complexities. World is not simple enough for the human mind to understand. Nor is it based on a human logic, and every other animal has a different logic.

I do not see why one should ask questions without being curious and play with different possible answers, and try to argue in their favour, to see if there could be something there. Contradictions are also important to my process because contradictions are as far as I know, the only place within words, where more than one «truth»/logic can exist at the same time.

…………………………………………………………………………………..

All material on this page is protected by BONO copyright. If you want to use something form this page, please contact Bono here: https://www.bono.no

The first written word was a drawing of an animal